mandag 12. april 2010

Litt oppsummering + ei kjempegod kyllingoppskrift

Sidan sist har det vore ein del skulearbeid på meg. Har hatt gruppeoppgåver som eg føler har gått med mykje tid til. No er heldigvis siste innleveringa for dette semesteret levert, og no er det berre lesing som står for tur. Berre og berre, er vel ikkje det, men skal i alle fall verte kjempeherleg å verte ferdig med dette semesteret, då har eg plutseleg berre eit år att på bachelorutdanninga mi:)Eg har også vore sjuk dei siste vekene, både eg og Vegard låg rett ut for nokre helgar sidan. På grunn av sjuka, har eg ikkje kunne trena så mykje siste 3 vekene, og eg kjenner eg vert veldig rastlaus berre av å tenke på det! Så i dag er det full fart att, eg skal på spinning og bodypump, og frå denne veka skal eg byrje for fullt att med 3 dagar med trening i veka:) Ellers var eg i Moelven forrige helg å feira 3-års dagen til Arja Martine, det var nokre kjekke dagar der nede, med blant anna ein dag på badeland:) Denne helga var eg i Bergen med Siri, fekk også tida til å møte Anette og Anita, det var også ein haug med kjentfolk på ein bar der dei arrangerte sunnmørsfest på fredagen, det var kjekt:) vart fest ja på fredagen, shopping og kino på lørdag, og en tur på Fløien søndag. Det har vore sol og kjempefint i Bergen heile veka, så det har vore ei koseleg helg, også tid til å slappe av:)
Ellers sidan eg skal byrje å trene for follt att, så vil eg også byrje å ete sunnare, så skal eksperimentere med forskjellige kylling og fiskeoppskrifter framover:)

I dag lagde eg meg ein kjempegod middag! Det var ovnsbakt kyllingfilet med pesto! Eg lagde det for fyrste gong bort med Tonje forrige veke, og eg likte det så godt at eg måtte prøve det ein gong til, no med ei litt anna oppskrift:) Dersom du vil prøve denne middagen kjem oppskrifta her:

- 1 kyllingfilet per person
- Philadelphiaost med tomat og pesto smak
- Cherrytomater
- Champignon
- Ris
- Fetaost

Du skjerer djupt ned i filetane på undersida, for å smøre godt med philadelphiaost både inni filetane og godt rundt dei. (Dei verte også fortare ferdige når dei er skjert i). Så legg du dei i ei ildfast form inni aluminiumsfolie. Fyll aluminiumsfolien med så mykje cherrytomater, champignon og fetaost som du vil og lat att. Du kan også tøme litt av oljen i fetaosten, (eg kjøpte Apetina sin med chili), over kyllingfiletane så verte det endå meir smak og saftigare. Dette skal steikast på ca 200 grader i ca 30 minutt. Verkeleg verdt ein smak:)

Ellers håper eg alle har hatt ei strålande påske:)

Ingen kommentarer: