torsdag 11. mars 2010

Verdens beste wok:)

Eg har ei kjempegod oppskrift på wok, som eg for fyrste gong lagde saman med Stine Mari i Volda for eit par år sidan. Det var ho som lærte meg denne oppskrifta:)

Sjølve woken:
-Kyllingfilet
-Brokkoli
-Raud og gul paprika
-Gulrot
-Purrelauk
-Raudlauk eller vanleg lauk
-Wokmix på hermetikk(som består i minimais, bambusskudd, bønnespirer og vannkastanjer)
Eg reknar med dei fleste veit korleis ein lagar wok, men eg kan jo gi ei lita forklaring: Steik dei strimla kyllingkjøtbitane fyrst i olje eller smør, ta dei ut av wokpanna og start med å wokke grønsakene. Eg legg grønnsakene i panna i denne rekkefølgja: Gulrot, brokkoli, lauk, paprika og wokmix. Dersom det er veldig mykje du skal lage til er det lurt å gjer det i fleire omgangar så alt blir sprøtt og nok stekt. Bland saman alt til slutt og server:)

Tilbehør:
-Ris, helst fullkornsris
-Kylling Bretagne saus (der bruker eg 1,5 dl vatn, og ei lita boks kokosmelk i staden for vanleg melk, vert ein meir eksotisk smak då, ellers kan du også ta ei spiseskei med Creme Fraiche i sausen for å gjere den meir fyldigare)

Dersom du skal vere veldig sunn kan du droppe sausen, og ikkje ete så mykje ris ved sidan av. Ellers kan du bytte ut kyllingkjøt med biff eller svin om du likar det betre, du kan ha fleire eller færre grønsaker i, alt etter smak og behag:)
Her har du i alle fall ein god og sunn middag, som i tillegg er glutenfri:)