mandag 24. mai 2010

Bolognese-gryte

He blitt so hekta på ei kjempego gryte Hege he laga t mi nåken gonga, å so ej også he prøvd å laga sjøl me nåken gonga:) må bere dele oppskrifta her sopass fleire får nyte dinna herlige retten;)

-Kjøttdeig
-Paprika
-Brokkoli
-Løk
-Minimais
-Champignon
-Gulrot
-2 bokse hakka tomtata
-Spaghetti ved siden av eller blanda nedi til slutt
(He prøvd en gong me å ha bønne me nedi, d me vart godt)

Skjer grønnsakene i store bita. Steik fyrst kjøttdeiga so hiv grønnsakene att me, å til slutt når alt he steikt ei stond, so e d bere å tøme dei hakka tomatane nedi, å pepre litt, so voila, en veldi gode middag :)

Ellers e d lesing for follt for tida, e so leide! ska juble fredag 4. juni! for då e ej endeli ferdi me eksamenane for ditta semestere, å då ska ej rett på hytta (t Kristin å dei på Fiskå) lame Hege, Tonje å Kristin for å feire å ha ei kjekke jentehelg:)fine start på ferien synst no ej då:)
Lykke til til alle so lese til eksamen å skrive oppgåve for tida, tenk på at snart e d skuleferie :D

tirsdag 18. mai 2010

Prinsen min

Ej og min kjære Vegard hadde 3-års jubileum 17. mai 2010. I den anledning vil eg benytte av å skrive eit dikt til min kjære, som er verdas beste kjærast, nemleg:)



Du er den beste kjærasten som finst på denne jord,
ikkje nok med det, du er min beste venn, alltid snill og god :D

Når du smiler smelter hjarte mitt som det skulle vore is ein varm somardag.
Eg tenkjer på deg heile tida, og gled meg til vi skal vere i lag. <3

Eg har aldri opplevd ein forelskelse så sterk og long,
håper den aldri går over, for å få vere med deg er ei sterk trong:p

Det beste eg veit er når du held meg i dine armar,
aldri så trygg har eg følt meg, som når du meg omfavnar.

Du er så omsorgsfull å god å ha,
når eg er trist og lei og det virkar som ingenting går bra.

Du er morsom, og vi har hatt mange latterfulle dagar,
humoren vår går hand i hand, det har vore latterkramper og vonde magar;)

Er ikkje vi sjelevenar så veit ikkje eg,
alt flyter så lett saman, tankar og setningar, vi er som eit puslespel.

Du er verkeleg alt eg treng,
du er prinsen min på den kvite hesten på ei blomstereng;)

Den varme gode handa di, er trygg og god å halde i og passar perfekt i mi.
Eg håper du kan vere min for all framtid:)

Du er så utruleg fantastisk og fin på innsida,
men eg er veldig heldig, for du er også den finaste på utsida:)

Augene dine er dei varmaste og finaste eg har sett,
dei lyser av ærlegheit og godhet, å elske deg er lett.

Eg kan ikkje tenkje meg livet utan deg min kjære,
å få vere kjæresten din sin Vegard, er ei stor ære;)

Hehe, eg er ikkje verdas beste diktar, men er det noko eg er best i, så er det i å elske diii;), det gjer eg av heile mitt hjarte og heile mi sjel:) <3

mandag 12. april 2010

Litt oppsummering + ei kjempegod kyllingoppskrift

Sidan sist har det vore ein del skulearbeid på meg. Har hatt gruppeoppgåver som eg føler har gått med mykje tid til. No er heldigvis siste innleveringa for dette semesteret levert, og no er det berre lesing som står for tur. Berre og berre, er vel ikkje det, men skal i alle fall verte kjempeherleg å verte ferdig med dette semesteret, då har eg plutseleg berre eit år att på bachelorutdanninga mi:)Eg har også vore sjuk dei siste vekene, både eg og Vegard låg rett ut for nokre helgar sidan. På grunn av sjuka, har eg ikkje kunne trena så mykje siste 3 vekene, og eg kjenner eg vert veldig rastlaus berre av å tenke på det! Så i dag er det full fart att, eg skal på spinning og bodypump, og frå denne veka skal eg byrje for fullt att med 3 dagar med trening i veka:) Ellers var eg i Moelven forrige helg å feira 3-års dagen til Arja Martine, det var nokre kjekke dagar der nede, med blant anna ein dag på badeland:) Denne helga var eg i Bergen med Siri, fekk også tida til å møte Anette og Anita, det var også ein haug med kjentfolk på ein bar der dei arrangerte sunnmørsfest på fredagen, det var kjekt:) vart fest ja på fredagen, shopping og kino på lørdag, og en tur på Fløien søndag. Det har vore sol og kjempefint i Bergen heile veka, så det har vore ei koseleg helg, også tid til å slappe av:)
Ellers sidan eg skal byrje å trene for follt att, så vil eg også byrje å ete sunnare, så skal eksperimentere med forskjellige kylling og fiskeoppskrifter framover:)

I dag lagde eg meg ein kjempegod middag! Det var ovnsbakt kyllingfilet med pesto! Eg lagde det for fyrste gong bort med Tonje forrige veke, og eg likte det så godt at eg måtte prøve det ein gong til, no med ei litt anna oppskrift:) Dersom du vil prøve denne middagen kjem oppskrifta her:

- 1 kyllingfilet per person
- Philadelphiaost med tomat og pesto smak
- Cherrytomater
- Champignon
- Ris
- Fetaost

Du skjerer djupt ned i filetane på undersida, for å smøre godt med philadelphiaost både inni filetane og godt rundt dei. (Dei verte også fortare ferdige når dei er skjert i). Så legg du dei i ei ildfast form inni aluminiumsfolie. Fyll aluminiumsfolien med så mykje cherrytomater, champignon og fetaost som du vil og lat att. Du kan også tøme litt av oljen i fetaosten, (eg kjøpte Apetina sin med chili), over kyllingfiletane så verte det endå meir smak og saftigare. Dette skal steikast på ca 200 grader i ca 30 minutt. Verkeleg verdt ein smak:)

Ellers håper eg alle har hatt ei strålande påske:)

torsdag 11. mars 2010

Verdens beste wok:)

Eg har ei kjempegod oppskrift på wok, som eg for fyrste gong lagde saman med Stine Mari i Volda for eit par år sidan. Det var ho som lærte meg denne oppskrifta:)

Sjølve woken:
-Kyllingfilet
-Brokkoli
-Raud og gul paprika
-Gulrot
-Purrelauk
-Raudlauk eller vanleg lauk
-Wokmix på hermetikk(som består i minimais, bambusskudd, bønnespirer og vannkastanjer)
Eg reknar med dei fleste veit korleis ein lagar wok, men eg kan jo gi ei lita forklaring: Steik dei strimla kyllingkjøtbitane fyrst i olje eller smør, ta dei ut av wokpanna og start med å wokke grønsakene. Eg legg grønnsakene i panna i denne rekkefølgja: Gulrot, brokkoli, lauk, paprika og wokmix. Dersom det er veldig mykje du skal lage til er det lurt å gjer det i fleire omgangar så alt blir sprøtt og nok stekt. Bland saman alt til slutt og server:)

Tilbehør:
-Ris, helst fullkornsris
-Kylling Bretagne saus (der bruker eg 1,5 dl vatn, og ei lita boks kokosmelk i staden for vanleg melk, vert ein meir eksotisk smak då, ellers kan du også ta ei spiseskei med Creme Fraiche i sausen for å gjere den meir fyldigare)

Dersom du skal vere veldig sunn kan du droppe sausen, og ikkje ete så mykje ris ved sidan av. Ellers kan du bytte ut kyllingkjøt med biff eller svin om du likar det betre, du kan ha fleire eller færre grønsaker i, alt etter smak og behag:)
Her har du i alle fall ein god og sunn middag, som i tillegg er glutenfri:)